7. jan. 2012

Kontrastar og nyansar






















På ein silovegg såg eg det øverste motivet,
skapt av vind og vêr.
Måling som har sprukke og begynt å skale av.
Mønster har kome fram og ein kraftig kontrast mellom
det lyse og det mørke er blitt til eit uttrykk.
Det er kvitt mot svart ved fyrste augesyn,
men ser ein nærare etter, finn ein både grøn- og gultonar.

Dagen i dag var grå, og det var til tider snø i lufta.
Men også på himmelen finn ein fargenyansar.
Skyer som kan sjå grått og einsformig ut inneheld
fleire fargar. Sarte rosatoner til lavendelfarga skyer.
Blåtonar i fleire nyansar. Sola som skin igjennom gjer
gullfargar som kontrast mot den kalde blåfargen.

Bileta framover vil bli til etter slike inspirasjonar frå naturen.
Eg gler meg til å ta desse naturbileta og overføre dei til abstrakte malerier.

2 kommentarer:

  1. Liker stilen din:)
    Du får dyra virkelig til ¨å få sjarm!

    SvarSlett
  2. Hei Inger
    Takk for det,kjekt å høyre:)
    Fine ting på bloggen din og.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...