16. jan. 2012

I skisseboka





















I fjor måla eg ein serie eg kalla for Til samans,
den fekk gode omtalar frå både kjende og ukjende vener.
Det var so hyggeleg at no planlegg eg fleire bilete i serien.
I skisseblokka har det kome ein del av dei faste dyra
eg brukar å måle, men også nye vil sjå dagsens lys.
Min favoritt er grisen, eg tykkjer den er eit artig vesen.
Den leikar seg, kosar seg og nyt livet. Vi kan ha mykje å lære av den.
Eg undrar ofte på kva som er yndlings dyra til andre, til deg?
Er det husdyra, eller er det eksotiske dyr som tigrar og elefantar?

Til samans handlar om å bry seg, det å vere der for andre.
Ord er ikkje alltid det viktigaste i alle høve, i blandt er det nok at du er der.
Symbolikken er enkel, naiv med klare sterke fargar. Som vanleg vil eg bruke
mykje paste for struktur i bilete.

Kyra i serien er fortsatt sil sals, den kan du sjå her: Til samans/Kyr

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...