28. feb. 2012

Ny årstid, nye impulsar







































Det er blitt ei stund sida eg har jobba
med å behandle foto. Eit lite sakn har det vore,
enda so kjekt det er å få måle bilete dagen lang.
Eg vil leike meg enda meir, ta i bruk
fleire medier å skape nye uttrykk.
Her er det reven som måtte ofre seg.
Lag på lag, litt for mykje av det meste,
men det handlar om å prøve, teste, og leike.
Ingen fasit, ingen svar. Er det ikkje då det
er kjekkast? Ynskjer alle ei kreativ veke.

23. feb. 2012

Snøklokka























Det har regna og regna, dagane forsvinner
mens vi ser lengtande ut vindauga etter
noko som vitnar om at det vil vere opphald
ei lita stund. Vi toler regn, det er ikkje det,
men det er ei lita skilnad på store vassbytter og små.
Eit lite augeblikk fekk vi til slutt,
Røyskatten og eg. Gode klær, store støvlar. Ut på tur.
Oppdraget var å finne snøklokka,
blomen som visar veg for våren.
Den var i hagen, men vi ville turen skulle vare lengre.
Til skogen vi gjekk, og vi plukka oss ein bukket.
"Veit du?", sa Røyskatten til meg. -"at snøen fekk
farge med snøklokka"? Nei, dette var ukjent for meg
og ville høyre meir. På ein liten stubbe vi satte oss
og Røyskatten tok til å fortelja.


Det var en dag tidlig i fortellingen om jorden.
Alle ting hadde fått farge.
Bladene var grønne, himmelen blå, reven var rød
og alle de vakre blomstene strålte med sine farger i sollyset.
Bare en var blank og fargeløs. Det var snøen.
Den måtte vandre fra blomst til blomst og spørre
så fint han kunne om han ikke kunne få litt farge av dem.

Først gikk den til Blåklokken
- Kjære, vakre blåklokke, kunne du gi meg litt av blåfargen din?
Blåklokken grøsset og snudde klokkene sine vekk fra den kalde snøen.
- Nei, tenk. Den vil jeg ha for meg selv!
Så gikk den til smørblomsten
- Kjære skinnende smørblomst, kunne di gi meg litt av din gullgule farge?
Smørblomsten likte ikke den kalde snøen og lukket blomstene sine
- Nei, tenk den er min og bare min. Ha deg vekk!
Nå var snøen så trist og lei at han måtte sette seg ned.
Der fikk han øye på en vakker liten blomst. Det var en snøklokke.
- Nå er det bare deg igjen å spørre.
Jeg har ingen farge fått. Ville du gi meg litt av din hvite farge?
Snøklokken syntes synd på snøen
- Ja, det vil jeg, svarte hun, like mild som en vårbris
Snøklokken skrapte forsiktig av en liten bit hvit farge.
Da fargen traff snøen bredte den seg ut og snart
stod han i den vakreste hvite kappe en kan tenke seg.
Som takk lar snøen snøklokken være den første
blomsten som gleder oss om våren.
Selv om snøen legger sitt slør over den blir
den ikke skadet slik andre blomster gjør.
Hvis man ser nøye etter vil man oppdage
at i midten av snøklokken mangler det fremdeles en liten bit med hvitfarge.

(Etter Dan Lindholm)

19. feb. 2012

Søndag
























Denne søndagen vart brukt til det
den var tenkt til då den vart skapt.
Kvile, finne roen. Eg gjekk ut, det skifta
frå sol til snøstorm. Kald og frisk luft.
Hovudet klarner, sinn og kropp får ny energi.
Inne ventar gode bollar med krem.
Langs sjøen, finn eg motiv, formar og fargar.
Rust mot den sarte kvite snøen. Vakkert.
So røft og mjukt på samme tid.
Nett som bomull og jern.
Idear blir skissa ned i boka, ny produktiv veke kan starte.

16. feb. 2012

Premie


















For ei stund sida var eg med i ein konkurranse
som DillDallDesign hadde på bloggen sin.
Ein skulle sende inn noko ein hadde laga med oransje på ,
og med dette bilete var eg ein av dei heldige vinnarane
som vann to flotte kort. Gler meg til å ta dei i bruk
og utruleg kjekt å vinne når det var so mange
fine produkter.


Bilete som er frå serien Leik kan du kjøpe her: Jente

14. feb. 2012

Valentine




















I dag har vi gitt blomar og kort til våre kjære og nære,
og ynskt dei ein fin Valentines Day.
Du fekk sikkert noko du og, fine gåver, vene ord og blomar.
Vi likar å vise kor glad vi er i andre, men hugsa du på deg sjølv?
Gav du deg sjølv litt merksam i form av blomar,
vene ord og tankar eller eit smil til spegelen?

13. feb. 2012

Handling


















Ein handling får alltid ein konsekvens, enten den er god eller dårleg.

Kva skal du gjere denne veka for å glede nokon?
1. Skrive eit brev ♥ 2. Ta med deg ein ven på tur ♥ 3. Vitje nokon ♥
4. Gje vekk ein blome ♥ 5. Vere hjelpsam ♥
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...