23. sep. 2011

Det er haust
























Ruskevêr, vakre fargar på lauva, den kalde vinden i andleta.
Naturen som bugner over av godsaker.
Hausten er tid for tur, langs fjøra, i skogen og på fjellet.
Gå ut og nyt det...

22. sep. 2011

Motiver til inspirasjon









































Eg finn inspirasjon der naturkreftane har leika seg
med overflater. Enten det er naustveggar,
grove berg eller blankpolerte steinar.
Treverk og rust, alt har sin sjarm.
Det er ein djup beundring over naturen som over tid
har skapt egne kunstverk i vegetasjon og det menneskeskapte.

Det rustikke, det sarte mot det grove. Slitte flater mot det blanke.
Med ulike teknikkar jobbar eg med å få desse uttrykka i bileta mine.

20. sep. 2011

Brevvenar

























Det er fortsatt nostalgiske minner som står i fokus.
Denne ganger er det brevveksling som er tema
og serien har eg kalt Brevvenar.
Eg hadde ein del brevvenar då eg var yngre,
det var alltid stas å finne eit brev som var til meg i postkassa.

Ofte tenkjer eg på å sende eit brev til mine vener.
Snart har eg fine kort som eg kan sende.

11. sep. 2011

Leik





















Det femte og siste bilete i serien Leik er ferdig.

2. sep. 2011

Prosjekt


































Nokre av mine prosjekt har teke lengre tid enn
det eg hadde planlagt, men snart kan eg hauste
inn både tomatar og markjordbær.
Snart kan ein og få sjå ferdige repro av serien Leik.
Nydelege papir har kome i hus, vi gjer oss klar til printing.




1. sep. 2011

Hav og himmel

















Himmel og hav, so uendeleg. Ingen byrjing og ingen slutt.
Slik mine draumar er, slik kanskje dine er?
Eg lèt meg fengsle av synet, av lyden, av lukta.
Aldri er eg so fri, so inspirert, som når eg set her
med draumar, tankar og pensel.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...