15. des. 2011

Glad i









































To av bileta til serien Glad i er ferdige
og ligg klare til salg i Eplabutikken.

Det nærmar seg jul, ta vare på dine,
gje ein hjelpande hand til nokon som strevar.
Vis at du er glad i familie og vener, del hjarte ditt med andre.

1. des. 2011

Leik og søvn

























Fleire bilete i serien God natt er å finne
i Epla-butikken.

30. nov. 2011

Bølgjer og fargar




























Havet herjar i ruskevêret, bølgjene kastar seg over stein og berg.
Straumane lagar virvlar i sjøen, mønster blir skapt.
So uendeleg med forskjellege bølgjer, nokon store, andre små.
Fargane går frå skummande kvit til blågrønetonar.
Både bevegelsar og fargar har gjeve meg inspirasjon til nye bileter.

29. nov. 2011

Work in progress

























































Glad i heiter den nye serien eg jobbar med for tida.
Den handlar om å bry seg, om å ta vare på kvarandre.
Glade, sterke fargar blir brukt. Symbolikken er enkel,
eit hjarte talar for seg.

28. nov. 2011

Nye og gamle kort
























Endeleg har eg fått pakka korta og dei fine
pastellkonvoluttane i cellofanposer.

Til samans-serien har og blitt til kort,
du finn dei her:
http://tunheimdesign.epla.no/

21. nov. 2011

Nye print i nettbutikken






















Serien heiter God natt, og består i alt av
fem bileter. Du finn print av desse to
i nettbutikken min http://tunheimdesign.epla.no/

20. nov. 2011

Inspirerande overflater






















Då eg begynte å måle Bokstavserien fann eg inspirasjon frå naturen.
Gamle murveggar og husveggar med slitte mønster etter år med vêr og vind.
Fargar som har falma vekk, nye som har oppstått.
Stein og fjøler, harde flater mot mjuke. Dei har alle eit flott uttrykk.

13. nov. 2011

11. nov. 2011

Fuglar ute, dyr inne


























































No er det kaldt ute for både liten og stor.
Nattefrost og morgonrim.
Ta vare på dei som kjem til deg.
La den huslause katten koma inn, la fuglane få mat.

10. nov. 2011

Vegen blir til mens ein går




















Både originalar av Leik-serien, repro og kort er å finne
i nettbutikken min no. Det er spanande, og gleda er stor
når det har vore eit sal. Men den største gleda er å ha laga
noko som andre vil ha heime hjå seg.
http://tunheimdesign.epla.no/

7. nov. 2011

Til samans

Ei stille stund, akryl, 40x60





































Til samans - Elefant, akryl 30x30 cm

Til samans - Kyr, akryl 30x30 cm


















Til samans - Sau, akryl 30x30 cm





















Ta vare på venane dine,
du treng dei både i sorga og i gleda.
Ta vare på den stille stunda,
anten berre med tankar eller ei god bok.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...