8. mars 2012

Ein ny heim























Det er både glede og vemodig samtidig
når eit bilete blir solgt. Vemodig, fordi dei er ein del av meg.
Mine tankar, inspirasjonar og følelsar ligg i penselstrøka.
Det starter med ideer, skisser, val av fargar. Preparering av lerret,
eg lika å lage mykje struktur i bileta. Dette skal tørke
og stivne. So endeleg kan eg ta fatt på den kjekke delen.
Tid og stad forsvinn, ein blir oppslukt av malinga.
Klokka kan bli midnatt før kostane blir vaska og eit ferdig
bilete blir satt til tørk før lakkering.
Så kjem tankane, er bileta bra nok, er dei for barnslege, naive
eller tilogmed for leikne i utrykk? Finst det ein kjøpar der ute?
Heldigvis gjekk det bra denne gangen og, og dei to bileta i serien
Glad i legg ut på reisa si. Til ein ny stad, ein ny heim,
til eit rom der dei kan dele sitt hjarte med andre.
Det gjer meg glad.


3. mars 2012

Mot horisonten
































Det er laurdag med mykje sol og varmt, so det vart ein tur i fjøra.
Sjå litt på rakved, småstein og skrot.
Mange skattar kan ein finne berre ein ser godt etter, men ein
nydeleg solnedgang på slutten av dagen minte oss på
at vi må løfte hovudet iblandt og feste blikket på horisonten
og sjå langt fram. Det kan hende vi ser ein skatt der ute og.
Har du ein horisont å feste blikket på? Eit fjell, eit tre langt vekke
eller slik som meg...eit hav som ikkje har ein ende?









Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...