30. jan. 2012

Vinnar av GjeVekk-konkurransen





















Vinnaren av GjeVekk-konkurransen "Rev på reisefot"
på Facebook vart Hanne Gunnestad:)
Håpar premien fell i smak.

17. jan. 2012

Naturlege fargar
















Den som hadde tid til å sitte å sjå på himmelen kvar dag,
kvar time, kvar minutt. Dei stadige endringane i fargane,
alt må fangast på kameraet. Inspirerende som det er likar eg
å bruke fargenyansar som eg finn i naturen. Aldri har eg sett
himmelen lage so flotte lillanyansar som dette. Det er vakkert.

16. jan. 2012

I skisseboka





















I fjor måla eg ein serie eg kalla for Til samans,
den fekk gode omtalar frå både kjende og ukjende vener.
Det var so hyggeleg at no planlegg eg fleire bilete i serien.
I skisseblokka har det kome ein del av dei faste dyra
eg brukar å måle, men også nye vil sjå dagsens lys.
Min favoritt er grisen, eg tykkjer den er eit artig vesen.
Den leikar seg, kosar seg og nyt livet. Vi kan ha mykje å lære av den.
Eg undrar ofte på kva som er yndlings dyra til andre, til deg?
Er det husdyra, eller er det eksotiske dyr som tigrar og elefantar?

Til samans handlar om å bry seg, det å vere der for andre.
Ord er ikkje alltid det viktigaste i alle høve, i blandt er det nok at du er der.
Symbolikken er enkel, naiv med klare sterke fargar. Som vanleg vil eg bruke
mykje paste for struktur i bilete.

Kyra i serien er fortsatt sil sals, den kan du sjå her: Til samans/Kyr

15. jan. 2012

Det kan fort bli for mykje snø

















Mine små vener Røyskattane ville vere
hjelpsame med å finne bilen min.
Dei gravde nesten heile dagen
før dei fann den, då kom regnet.
Men gleda over å ha hjelp nokon var stor,
det gav dei ein god følelse innvendig.


Skisse nr 2: Takk for hjelpa

14. jan. 2012

GjeVekk konkurranse





















Rev på reisefot - konkurranse
Facebook sida mi har eg denne fine reproen som premie
til ein vinnar som både likar sida og delar bilete.
Konkurransen endar 20/1

13. jan. 2012

Snømann og trening





















Vi har allereie kome fleire dagar inn i det nye året.
Dette året, som tidlegare år har vist tenkt å suse av garde.
Nyttårsløfta vi gav oss sjølve, har begynt so smått å bli gløymde.
Vi har mange gjeremål i løpet av ein dag.
Noko må ofrast og det blir som regel treninga,
den som skulle gjere oss til eit betre menneske.
Med dårleg samvit lèt vi oss lokke til snarvegar som fristar oss frå fjernsynet.

Men no når det er snø, kvifor går du ikkje ut?
Du har klær og sko i skuffer og skap.
Bygg ein snømann saman med borna eller hunden?
Lag den største, lag fleire, la naboen få vere med på leiken.
Rørslene er gratis, låtten er gratis og opplevelsen vil bli eit varig minne.


Årets fyrste illustrasjon: Hugs å leik

7. jan. 2012

Kontrastar og nyansar






















På ein silovegg såg eg det øverste motivet,
skapt av vind og vêr.
Måling som har sprukke og begynt å skale av.
Mønster har kome fram og ein kraftig kontrast mellom
det lyse og det mørke er blitt til eit uttrykk.
Det er kvitt mot svart ved fyrste augesyn,
men ser ein nærare etter, finn ein både grøn- og gultonar.

Dagen i dag var grå, og det var til tider snø i lufta.
Men også på himmelen finn ein fargenyansar.
Skyer som kan sjå grått og einsformig ut inneheld
fleire fargar. Sarte rosatoner til lavendelfarga skyer.
Blåtonar i fleire nyansar. Sola som skin igjennom gjer
gullfargar som kontrast mot den kalde blåfargen.

Bileta framover vil bli til etter slike inspirasjonar frå naturen.
Eg gler meg til å ta desse naturbileta og overføre dei til abstrakte malerier.

2. jan. 2012

Til deg...





















som har vert innom bloggen min vil eg takke.
Eg vil og takke alle som har vert innom eplabutikken min.
Tilbakemeldingar og fine ord har eg fått, det set eg pris på.
Bloggen er snart eitt år gamalt, eg satsar på å fylle den
med nye bilete og ord i løpet av 2012.
Eg vil fortsetje å male dyr med bodskap, dei vart
godt mottekne både blandt vaksne og born.
Det er eg takksam for!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...