17. okt. 2012

Haust





















Eit flott rosa hjarte gav åkeren min meg i år.
Eg vil dele det med deg som tittar innom bloggen min.
Sjølv om hausten er kald og mørk,
har den gode ting på gang.
Mykje godsaker kan ein hauste,
fine fargar kan ein fråtse i.
Ei stjerneklarnatt bør ein også få med seg før ein finner roen.



20. jul. 2012






















I kunstnerverkstaden, no


17. jul. 2012




Rusle i fjøra, kjenn, sjå og føl.
Vere til stades både med tankar og sjel.
Gje slepp på den neste timen,
denne stunda er no, i dette augeblikket.




13. jul. 2012























Grunning og sparkel, nesten som krem.

10. jul. 2012























Sommar på steinstrappa

7. jul. 2012






















Nye bilete i serien Til samans finn du no i Epla-butikken min.
Som vanleg har eg brukt mykje paste og glade fargar på lerretane.
Håpar du vil ta turen innom og sjå.
Legg gjerne igjen ein komentar her på bloggen. :)

6. jul. 2012
















Når det er ingen ting mellom deg og draumen din,
kva hindrar deg då?


3. jul. 2012

















Finn deg ein ulendt sti,
kliv på berga.
Gå i gamle fotefar,
dei er trygge og tar deg fram.

30. jun. 2012























Sommaren var her i nokre dagar,
skapte liv og røre i vindauga.
Gav varme i huset.
Dørene stod opne.

No er dei lukka, glasa våte av regn.
Men eg håpar sola kjem innom ein tur igjen snart.

30. apr. 2012

Til samans #2

















Nye bilete til serien Til samans er snart ferdige.
Første mann ut, er Giraffen med venen sin.

21. apr. 2012

I augeblikket

















Vi elsker å feste våre augeblikk med kamera.
Med avanserte mobilkamerer kan vi knipse i veg på ein lettvint måte.
Fleire brukar forskjellege app'er til å gjere bileta annleis.
Retro, rustikk og mange andre utrykk.
Men om ti, tjue år er det kanskje ikkje like gøy å sjå på bileta som
er gamle på liksom. Gjer det til ein vane å ta eit vanleg bilete samstundes.

3. apr. 2012

Fri frakt

Frå i dag 3/4 - 13/4 er det fri frakt på alle lerret i butikken.
Kom innom ein tur og sjå: http://tunheimdesign.epla.no/

Ellers vil eg ynskje alle mine lesarar ei god påske! :)

8. mar. 2012

Ein ny heim























Det er både glede og vemodig samtidig
når eit bilete blir solgt. Vemodig, fordi dei er ein del av meg.
Mine tankar, inspirasjonar og følelsar ligg i penselstrøka.
Det starter med ideer, skisser, val av fargar. Preparering av lerret,
eg lika å lage mykje struktur i bileta. Dette skal tørke
og stivne. So endeleg kan eg ta fatt på den kjekke delen.
Tid og stad forsvinn, ein blir oppslukt av malinga.
Klokka kan bli midnatt før kostane blir vaska og eit ferdig
bilete blir satt til tørk før lakkering.
Så kjem tankane, er bileta bra nok, er dei for barnslege, naive
eller tilogmed for leikne i utrykk? Finst det ein kjøpar der ute?
Heldigvis gjekk det bra denne gangen og, og dei to bileta i serien
Glad i legg ut på reisa si. Til ein ny stad, ein ny heim,
til eit rom der dei kan dele sitt hjarte med andre.
Det gjer meg glad.


3. mar. 2012

Mot horisonten
































Det er laurdag med mykje sol og varmt, so det vart ein tur i fjøra.
Sjå litt på rakved, småstein og skrot.
Mange skattar kan ein finne berre ein ser godt etter, men ein
nydeleg solnedgang på slutten av dagen minte oss på
at vi må løfte hovudet iblandt og feste blikket på horisonten
og sjå langt fram. Det kan hende vi ser ein skatt der ute og.
Har du ein horisont å feste blikket på? Eit fjell, eit tre langt vekke
eller slik som meg...eit hav som ikkje har ein ende?









28. feb. 2012

Ny årstid, nye impulsar







































Det er blitt ei stund sida eg har jobba
med å behandle foto. Eit lite sakn har det vore,
enda so kjekt det er å få måle bilete dagen lang.
Eg vil leike meg enda meir, ta i bruk
fleire medier å skape nye uttrykk.
Her er det reven som måtte ofre seg.
Lag på lag, litt for mykje av det meste,
men det handlar om å prøve, teste, og leike.
Ingen fasit, ingen svar. Er det ikkje då det
er kjekkast? Ynskjer alle ei kreativ veke.

23. feb. 2012

Snøklokka























Det har regna og regna, dagane forsvinner
mens vi ser lengtande ut vindauga etter
noko som vitnar om at det vil vere opphald
ei lita stund. Vi toler regn, det er ikkje det,
men det er ei lita skilnad på store vassbytter og små.
Eit lite augeblikk fekk vi til slutt,
Røyskatten og eg. Gode klær, store støvlar. Ut på tur.
Oppdraget var å finne snøklokka,
blomen som visar veg for våren.
Den var i hagen, men vi ville turen skulle vare lengre.
Til skogen vi gjekk, og vi plukka oss ein bukket.
"Veit du?", sa Røyskatten til meg. -"at snøen fekk
farge med snøklokka"? Nei, dette var ukjent for meg
og ville høyre meir. På ein liten stubbe vi satte oss
og Røyskatten tok til å fortelja.


Det var en dag tidlig i fortellingen om jorden.
Alle ting hadde fått farge.
Bladene var grønne, himmelen blå, reven var rød
og alle de vakre blomstene strålte med sine farger i sollyset.
Bare en var blank og fargeløs. Det var snøen.
Den måtte vandre fra blomst til blomst og spørre
så fint han kunne om han ikke kunne få litt farge av dem.

Først gikk den til Blåklokken
- Kjære, vakre blåklokke, kunne du gi meg litt av blåfargen din?
Blåklokken grøsset og snudde klokkene sine vekk fra den kalde snøen.
- Nei, tenk. Den vil jeg ha for meg selv!
Så gikk den til smørblomsten
- Kjære skinnende smørblomst, kunne di gi meg litt av din gullgule farge?
Smørblomsten likte ikke den kalde snøen og lukket blomstene sine
- Nei, tenk den er min og bare min. Ha deg vekk!
Nå var snøen så trist og lei at han måtte sette seg ned.
Der fikk han øye på en vakker liten blomst. Det var en snøklokke.
- Nå er det bare deg igjen å spørre.
Jeg har ingen farge fått. Ville du gi meg litt av din hvite farge?
Snøklokken syntes synd på snøen
- Ja, det vil jeg, svarte hun, like mild som en vårbris
Snøklokken skrapte forsiktig av en liten bit hvit farge.
Da fargen traff snøen bredte den seg ut og snart
stod han i den vakreste hvite kappe en kan tenke seg.
Som takk lar snøen snøklokken være den første
blomsten som gleder oss om våren.
Selv om snøen legger sitt slør over den blir
den ikke skadet slik andre blomster gjør.
Hvis man ser nøye etter vil man oppdage
at i midten av snøklokken mangler det fremdeles en liten bit med hvitfarge.

(Etter Dan Lindholm)

19. feb. 2012

Søndag
























Denne søndagen vart brukt til det
den var tenkt til då den vart skapt.
Kvile, finne roen. Eg gjekk ut, det skifta
frå sol til snøstorm. Kald og frisk luft.
Hovudet klarner, sinn og kropp får ny energi.
Inne ventar gode bollar med krem.
Langs sjøen, finn eg motiv, formar og fargar.
Rust mot den sarte kvite snøen. Vakkert.
So røft og mjukt på samme tid.
Nett som bomull og jern.
Idear blir skissa ned i boka, ny produktiv veke kan starte.

16. feb. 2012

Premie


















For ei stund sida var eg med i ein konkurranse
som DillDallDesign hadde på bloggen sin.
Ein skulle sende inn noko ein hadde laga med oransje på ,
og med dette bilete var eg ein av dei heldige vinnarane
som vann to flotte kort. Gler meg til å ta dei i bruk
og utruleg kjekt å vinne når det var so mange
fine produkter.


Bilete som er frå serien Leik kan du kjøpe her: Jente

14. feb. 2012

Valentine




















I dag har vi gitt blomar og kort til våre kjære og nære,
og ynskt dei ein fin Valentines Day.
Du fekk sikkert noko du og, fine gåver, vene ord og blomar.
Vi likar å vise kor glad vi er i andre, men hugsa du på deg sjølv?
Gav du deg sjølv litt merksam i form av blomar,
vene ord og tankar eller eit smil til spegelen?

13. feb. 2012

Handling


















Ein handling får alltid ein konsekvens, enten den er god eller dårleg.

Kva skal du gjere denne veka for å glede nokon?
1. Skrive eit brev ♥ 2. Ta med deg ein ven på tur ♥ 3. Vitje nokon ♥
4. Gje vekk ein blome ♥ 5. Vere hjelpsam ♥

30. jan. 2012

Vinnar av GjeVekk-konkurransen





















Vinnaren av GjeVekk-konkurransen "Rev på reisefot"
på Facebook vart Hanne Gunnestad:)
Håpar premien fell i smak.

17. jan. 2012

Naturlege fargar
















Den som hadde tid til å sitte å sjå på himmelen kvar dag,
kvar time, kvar minutt. Dei stadige endringane i fargane,
alt må fangast på kameraet. Inspirerende som det er likar eg
å bruke fargenyansar som eg finn i naturen. Aldri har eg sett
himmelen lage so flotte lillanyansar som dette. Det er vakkert.

16. jan. 2012

I skisseboka





















I fjor måla eg ein serie eg kalla for Til samans,
den fekk gode omtalar frå både kjende og ukjende vener.
Det var so hyggeleg at no planlegg eg fleire bilete i serien.
I skisseblokka har det kome ein del av dei faste dyra
eg brukar å måle, men også nye vil sjå dagsens lys.
Min favoritt er grisen, eg tykkjer den er eit artig vesen.
Den leikar seg, kosar seg og nyt livet. Vi kan ha mykje å lære av den.
Eg undrar ofte på kva som er yndlings dyra til andre, til deg?
Er det husdyra, eller er det eksotiske dyr som tigrar og elefantar?

Til samans handlar om å bry seg, det å vere der for andre.
Ord er ikkje alltid det viktigaste i alle høve, i blandt er det nok at du er der.
Symbolikken er enkel, naiv med klare sterke fargar. Som vanleg vil eg bruke
mykje paste for struktur i bilete.

Kyra i serien er fortsatt sil sals, den kan du sjå her: Til samans/Kyr
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...