8. mars 2012

Ein ny heim























Det er både glede og vemodig samtidig
når eit bilete blir solgt. Vemodig, fordi dei er ein del av meg.
Mine tankar, inspirasjonar og følelsar ligg i penselstrøka.
Det starter med ideer, skisser, val av fargar. Preparering av lerret,
eg lika å lage mykje struktur i bileta. Dette skal tørke
og stivne. So endeleg kan eg ta fatt på den kjekke delen.
Tid og stad forsvinn, ein blir oppslukt av malinga.
Klokka kan bli midnatt før kostane blir vaska og eit ferdig
bilete blir satt til tørk før lakkering.
Så kjem tankane, er bileta bra nok, er dei for barnslege, naive
eller tilogmed for leikne i utrykk? Finst det ein kjøpar der ute?
Heldigvis gjekk det bra denne gangen og, og dei to bileta i serien
Glad i legg ut på reisa si. Til ein ny stad, ein ny heim,
til eit rom der dei kan dele sitt hjarte med andre.
Det gjer meg glad.


4 kommentarer:

  1. Artig å lese om tankene dine rundt bildene du lager.Syntes ikke det er så rart at de forsvinner til nye hjem for jeg syntes du lager herlige bilder.En blir så glad innvendig av å se på dem.
    Ha en flott kveld

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Wenche for utruleg fine ord. Det var kjekt å lese dine tankar også.
      Ha ein fin dag:)

      Slett
  2. Kan godt forstå at det er rart når bildene "flytter hjemmefra". Så mye fint du lager!

    SvarSlett
  3. Heisann! Tusen takk, kjekt å høyre:) Ja det er litt vemodig iblandt:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...