30. aug. 2011

Medan vi ventar

















Det er ikkje hausten vi ventar på, den har alt kome.
Det er andre spanande ting på gong.
Vi nyttar ventetida godt, og alle bidrar so godt dei kan.
Men ei lita kaffipause, ja det kan vi unne oss!

20. aug. 2011

Undring





















Ein tanke vart til ord. Seinare ei skisse.
Om ei stund endar det kanskje i eit bilete.

18. aug. 2011

Born leikar






















Om sumaren kjem ofte dei nostalgiske minna fram,
ein endelaus sumar der sola alltid skein.
Frå tidleg morgon til seine kvelda var dagen full av mykje moro.
Leiken var livleg og fantasien hadde ingen grenser.
Born leikar heldigvis endå, og skaper med tida sine eigne minner.

Ut i frå dette har eg fått inspirasjon til å skape serien "Leik".

29. juni 2011

Kvar bur lykka?
















Første skisse til mitt nye prosjekt der temaet er "Lykke"

27. juni 2011

Disse framfor sola; skisse
















Sommaren lar vente på seg, det er regndropene som rår.
Det er trasig for liten og stor.
Men reiser du forbi skyene vil du finne sola og leiken
kan begynne.

7. juni 2011

work in progress



















Inspirasjonsskisser frå gårdsdagen
er blitt til teikningar.

6. juni 2011

På ein blå benk





Når sola skine og vinden blafrar svalt i blomar og blad,
er det herleg å kunne setje seg ned på benken
og nyte både syn og duft av det hagen har å by på.
Skisseboka er med, den skal fyllast med nye inspirasjonar og tankar.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...